Kontakt oss
Kajakkbygget veks fram på Reiso
Forfatter: Vegard Gjerstad Kleppe
14. januar 2026
Bygg og anlegg
Kajakkbygget tek form
Det siste tilskotet til Njordstø er eit heilt nytt kajakkbygg! Grunnarbeidet er ferdig, og grunnmuren står støtt. Bygget vert produsert i store element på Reiso, og ivrige medlemmar har alt lagt ned mange timar med maling og førebuing.
Planen er at bygget kjem på plass i løpet av vinteren. Innreiinga av 2. etasje gjer me på dugnad.
Dette er eit stort løft for båtlaget, og det hadde ikkje vore mogeleg utan:
- Dugnadsinnsatsen frå engasjerte medlemmar
- Solid støtte frå Tysnes Kraftlag AS og Haugesund Sparebank
- Spelemidlar frå Vestland fylkeskommune
- Og fleire gode samarbeidspartnarar og sponsorar
Følg med – me deler oppdateringar undervegs!